fredag 30. september 2011

Gåve


 Sjå den flott blomsten me fekk her i veka. Den prydar salongbordet og glir rett inn i haustløperen min. Det var skjeldan og flott.  Håper eg kan klare bevare den ei stund.


 Ha ei god helg!

Klem lilladør!


Fargerike tre på Bryne


Her er det strikka strømper til tre av trea utanfor Idestova på Bryne Mek. Til markering av Ullfestivalen. Kjempe flott utsmykking og  blikk fang. Det er verd turen til Bryne bare det.


Som dokke ser er dei strikka i ulike fagesjatteringer. Gul-brun-orange, rød-lilla og blå-lilla.



 Søyla  ved inngangspartiet er i nydelig fargemix. Her før den vart pynta med haustblader.


Søyla ved inngangspartiet vart pynta med haustblad som var laga av strikka og tova ullgarn.


Dette har vore teamarbeid.  Maskinstrikket er gjordt av Ingeborg og Marit.  Anny har strikka det bladene er laga av. Lilladør har klippa og sydd bladene på saman med Anny.. Men ideane har vel poppa opp i godt felleskap med strikkepinnane. Alle me 4 har stand og salg på Ullfestivalen.

torsdag 29. september 2011

Sist i september


 Idag har det vore sommertempraturer og flott ver. Tenk me kunne grille og ete middag ute igjen. Det er lenge sidan sist.  Det var herleg og godt.  Kaffien smakte kjempe godt og.  Me feira det med is til dessert.



 Ellers var eg ein tur til Idestova og førebudde morgondagen.  Det enda med snoping av eit Rowan blad. Så no ikveld når freden senkae seg er det blad og ein kopp te. Mykje flott i bladet men og mykje eg ikkje likte. Slik er det vel det alltid. Men så er det den tida då.  Lilladør blir nok aldri arbeidsledig. 

Er det ikkje ei flott jakke nedforbi.  Jakka stod i bladet og er strikka i flott rowangarn. Anny på idestova har både bladet og garnet. 


 Eg får stadig gode tilbake meldinger frå personer som er inne på bloggen min. Takk for det.  Gildt viss dokke legge igjen ein kommentar.  Det gir ekstra inpirasjon og glede. 

klem Lilladør (og god natt Hege!) 

onsdag 28. september 2011

Ullfestival på Bryne - til helga.


 Utklipp ifrå annonsen i Jærbladet idag.  Det står at eg skal stille ut, det stemmer men, eg har no tenkt å selge det eg har og.


Vi fekk omtale i ein artikkel i avisa og!


 Her litt av skjerfa og strikkeposene......


VELKOMMEN TIL BRYNE PÅ FREDAG OG LØRDAG.

tirsdag 27. september 2011

Giveaway



Tusen takk til Heimefronten.  For ei flott gåve eg fekk i posten idag. Ein engelhenger i ståltråd. Eg er veldig fornøyd med den:). Eg må nok finne noko kjekt å henge på den eller bare ha den til pynt som den er.

Klem lilladør

mandag 26. september 2011

Førebuing til Ullfestivalen


Her har eg foto som eg har overført frå bilde til stoff. Ligge på tørk!!!


Strikkeposane tar form med jærske motiv!


Alpakkahals nett ut av maskina. 


søndag 25. september 2011

Hausten flyttar inn....


 Haustløper eg sydde for ei tid tilbake. Eige design med kjent blokk der eg leika meg med blokka og haustfargane og tilslutt applikerte blader på.



 

Glimt frå det litle bordet mitt på kjøkkenet. Koseleg ta stolen bortåt og drikke litt kaffi og bare sitte og nyte dagen og stunda . Kanskje med strikketøyet og ein god drøs. Her er det dei lilla fargane som rår.


Ein rest frå hotensiaen i hagen, Fantastisk flott blomst det.



 Detaljbilde frå eit av panelgardinene min. Alle tre er ulike, denne er det masse haustblader på, gardin to er det kun to blad på og den siste er utan haustblad. Sydd i lin i eigen design. Har gardinene i dei store vindaugene på kjøkkenet.



Ein festlig plante eg kjøpte meg no på seinsommeren. Virkar gjerne litt trolsk og passar godt inn her på kjøkkenet no når eg har fått" hausten inn."

torsdag 22. september 2011

Ettersommaren



Blåtunge ein fantastisk sommarblomst som forsatt blomster villig i nordvind og mykje regn. Ein kjempevillig blomst. Kjøpt på Wiig gartneri i vår . Kan anbefalast. Tåler mykje.











Kjekt når det forsatt blomstrar ute når det går mot slutten av september. Sjå den flotte fargen. Passa godt til den lilla døra,  på trappa .

Klem lilladør

onsdag 21. september 2011

Litt meir maskinstrikk.






Skjerfet er strikka i tynt Isagergarn. På strikkemaskin. Deretter bearbeida med damp :)











Den lilla kanten er håndstrikka (ein rett og ein vrang). 






Fint skjerf må ha fin boks å ligge i :))). Har igrunn planer om å sy ein pose til det, den kjem nok etterkvart. Til helga kanskje.  Har planer om syhelg då!

tirsdag 20. september 2011

Hansker frå Stockholm


I sommar var eg innom ein strikke butikk i Gamla Stan i Stockholm. Der kjøpte eg mellom annna denne hespa med ullgarn i flotte fargesjateringer frå gul, orange til lilla. Fekk med ei hanskeoppskrift som eg forstod ho som dreiv butikken hadde utarbeidd for eit ukeblad i Sverige. No er dei ferdige.... artig var det å strikke og.  Men eg måtte gjere min eigen vri på dei, mellom anna hekla blomster på dei. Idag har eg vore ute i hagen og leika meg med haustfargane. Som dokke ser glir hanskane godt inn i dei:)




Det er nesten som dei skifta farge etter bakgrunnen:) Dette garnet var heilt fantastisk, skulle gjerne hatt meir av det.
























Klar for bytur!

mandag 19. september 2011

Moodboard


 Junioren har byrja på videregåande skule. Ei av oppgåvene han fekk var lage Moodboard som presentasjon av seg sjølv. Gjerne som ein installasjon staden for på papir som ofte Moodboard er. Eg synest han laga ei flott og KREATIV oppgåve. Media og kommunikasjon er stor del av han for tida.



Ei stolt mor. 

søndag 18. september 2011

Strikkehelg.


Etter at eg hadde bearbeida strikket mitt igår kobla eg det på strikkemaskina igjen for strikke bakstykke til halsen.






Her ser dokke den ferdig halsen. Den er strikka i babyull. Så den er både mjuk og varm.



Pulsvarmarar i same stil!



Her er eit skjerf som eg har bearbeidd litt med struktur i form av bølger. Det er strikka av tynt ullgarn som eg kjøpte i Stockholm i sommar. Kjekt å få strikke av det. Det er flott fargespell i det frå lyst til gråsvart.


Her har eg brukt stein til å lage strukturen. Kva er meir naturleg enn det her på Jæren. Kva det blir tilslutt lure eg og på....
Ellers har eg fleire andre produkt som eg held på å montere.




Her er ein papir mal me har bretta til.


Tusen takk Dorthe Merete Lykke Jensen for ei flott kurshelg!

10 000 sidevisinger!





 Idag har eg passert 10 000 sidevisinger på bloggen min.... sidan eg starta ca for 10 månader sidan. Er kjempe imponert over alle som er innom. Tusen takk til dokke...det varmar og gleder. Det er kjempekjekt at dokke tar turen innom bloggen og ekstra kjekt vist dokke legge igjen ein kommentar. Det gir ekstra inspirasjon. Så eg håpar fleire vil legge kommentarar og gjerne blir fast følger.

Tusen takk!



Klem lilladør.